Om nettsida
Intensjonen med denne sida er å ha ein stad der bygdefolk og andre interesserte kan finna stoff som nyhende, lokalhistorie, informasjon om arrangement, informasjon til turistar, bilete frå bygda, lenkjer til lag, foreningar, institusjonar og bedrifter i bygda vår.
Det skal vera ei uavhengig side der ein skal kunna finna informasjon til nytte og glede.
Me håpar at innhaldet fell i smak og at nettstaden vil bli mykje brukt. Innhaldet vil bli utvida etterkvart som stoff blir samla inn og lagt ut. Innspel og idear mottas med takk.
_________________________
Vats Grendautval
Vats Grendautvalhar faste møte med kommunen og andre aktørar om saker og planar som vedrører bygda vår.
Nytt frå grendautvalet
Grendautvalet arbeider heile tida med store saker/prosjekt som folk i bygda er opptekne av. Saker som t.d. sykkel/gangveg og helsa til Vatsvassdraget. Brev og referat frå møter med kommune og andre aktørar blir lagt ut i arkivet på sida her.
Referat styremøte 12/1 2012
Årsmelding 2011
Rekneskap 2010-2011
Møteplan for grendautvalet:
Styremøte: 12. januar 2012 |