Om lag 35 personar i ulike aldrar møtte opp og fekk ein god orientering om viktige saker som skjer i bygda.
Leiaren i grendautvalet, Jon Olav Velde, leia møtet.
Saker som vart teke opp:
a. Kommuneplanen – arealdelen Del 1
Tidl.kommuneplanleggjar Øyvind Valen orienterte om høyringsutkastet til kommuneplanen som omhandlar arealdelen. Det er kome inn om lag 300 innspel til planen. Mange av desse frå Vats.
Han hadde ein svært god og konstruktiv orientering om arbeidet og føringane som ligg til grunn for høyringsutkastet generelt og spesielt for Vats.
Det kom ingen kritiske merknader til utkastet.
Høyringsfristen er 20. sept.
Kommuneplan del 2 som omhandlar strandsona (100 m-belte) og sjøareala kjem i nov./des.
Kommuneplan del 3 som omhandlar Ølen sentrum kjem i nov./des.
Gå inn på Vindafjord kommune si heimeside – der finn du heile kommuneplanen.
- Heimeside til Vats - http://vatsnett.com
Bjørn Morten Stokka som er arkitekten bak heimesida, orienterte om korleis heimesida var bygd opp og synte korleis denne kan brukast.
Han oppfordra folk / bedrifter / næringsdrivande / lag og foreningar til å bruka sida til til å få ut informasjon og til å bli orientert.
Dersom nokon har fine bilete frå bygda – naturbilete eller bilete frå festar,tilstelningar m.m.som har allmenn interesse, så send desse inn til heimesida.
Heimesida er enkel og oversiktleg og lett å bruka.
EpostAdr.: bms@vatsnett.com og då vil Bjørn Morten leggja desse inn på rett stad.
- Vatsvassdraget – prøvetakingsprogram.
Bondelaget, grunneigarlaget og grendautvalet har teke initiativ til å undersøka vatsvassdraget som er blitt svært forureina gjennom mange år.
Forskar Anders Hobæk frå NIVA (Norsk Institutt for Vannforskning)orienterte om vassprøvetakinga i dei største elvane og bekkene som renn ut i Landavatnet og i Vatsvatnet og i sjølve vatna. Han synte oss resultater frå tidlegare prøvetakingar frå 1987 og framover. Resultata syner at det er stor tilførsle av næringssalter som gjer at det er stor oppblomstring av alger og mikroorganismer i vatna - dette gjer at vasskvaliteten ikkje er god. Vatsvatnet syner faktisk ein forbetring frå tidlegare målingar, men Landavatnet er framleis svært belasta. Fosforinnhaldet har gått ned i begge vatna – dette er positivt.
Det må setjast inn tiltak for å minska forureininga. Gjødslingsrutinar og ny type kunstgjødsel og utslepp av kloakk m.m. er tiltak som ein må sjå nærare på.
NIVA legg ut prøveresultata på denne nettsida.
- Orienteringssaker som Jon Olav la fram:
- Turstiprosjekt. – rydding og merking av turstiar i kommunen er eit prioritert arbeid i alle bygder. Det blir sett opp informasjonstavler m/kart og omtale av dei ulike turstiane + skilt for parkering på startplassen for stiane. Dette er etter avtale med grunneigerane. Stiane blir skilta og merka med pinnar eller maling.
Ta kontakt med Jon Olav Velde om meir informasjon.
- Bowlinghall i Vindafjordhallen.
Ungdommane i Vats ynskjer fleire fritidstilbod i bygda. Det er bl.a. eit sterkt ynskje om å få til ein bowlingshall i tilknytning til Vindafjordhallen. Arve Mjølhus tok kontakt med grendautvalet om saka. Jon Olav tok så kontakt med kommunen v/ordførar Bergsvåg. Han meinte at dette var ei sak som styret i Vindafjordhallen måtte arbeida vidare med. Jon Olav sende så saka vidare til
Irene Haraldseid, leiar for Vindafjordhallen. Ho har teke saka opp med styret og representantskapet skal handsama saka.
- Funksjonstid for Grendautvalet.
Grendautvalet vart vald den 4. sept. 2008 på eit folkemøte i Vats i forbindelse med kommuneplaninformasjonen. Funksjonstida er ikkje avklart endå.
- AF Decom.
AF Decom har heile tida invitert til informasjon og samarbeid med ulike instansar i kommunen og nærmiljøet i tillegg til info.skriv på nettet.
Difor vart det oppretta eit samarbeidsfora der det kunne drøftast ulike sider av denne bedrifta som driv omstridt arbeid med farlege miljøgifter/spesialavfall.
Dette arbeidet kan lett få store negative følger for miljøet i Vatsfjorden og for folk elles med støy og andre ulemper om ein ikkje følger strenge pålagde krav.
Desse er med i eit samarbeidsfora saman med AF Decom:
1. Vats grendautval
2. Vindafjord kommune
3. Tysvær fiskarlag
4. Raunes fiskefarm
5. Tysvær kommune
Miljøvernforbundet avd. Vats var også med, men dei har trekt seg p.g.a.
manglande tillit til AF, Vindafjord kommune og grendautvalet. Dette synes me
i grendautvalet er synd, fordi miljøavdelinga har synt stort engasjement
i førebyggande miljøtiltak for Vatsfjorden og for folk i nærmiljøet og har vore
med og fått NIVA på plass som skal overvaka heile bedrifta.
Dei ville vore gode medspelerar for oss alle i gruppa. Men me får respektera
deira valg.
- Trafikksikringstiltak i bygda.
Grendautvalet vil vera ein pådrivar til å få sykkel- og gangstiar på sterkt trafikkerte vegar som Knapphus – Kårhus, Vats skule – Gjerdesdalen, vegen mot Stokkadalen m.fl.
- Ungdomshuset ”Haugatun” i Nedre Vats.
Severin Fatland som å er leiar for Ungdomslaget kunne fortelja at det er innkalla til nytt årsmøte/allmøte tysdag 8. sept. der dei bl..a. skal drøfta kva som skal gjerast med dette huset. Forfallet er kome ganske lang på huset sidan det ikkje har vore aktivitet i huset på fleire år.
Øvre Vats 8/9 – 09 Jon Olav Velde
- leiar/skrivar i grendautval -