|
Vats-bygda er omgitt av fjell, og folket i bygda tek seg ofte ein tur opp på eitt eller fleire av dei. Der er godt merka stiar og skilting opp til fleire av dei, og der er lagt ut bøker på fleire av toppane der dei besøkande kan notera seg for ein topptur.
Å komma seg opp på desse toppane gir i tillegg til meir eller mindre ømme musklar og sliten kropp også eit fabelaktig utsyn over omverda. På fine og klare dagar ser ein Nordsjøen, heile Haugalandet, Stavanger og Ryfylke, Folgefonna og mykje meir. Det kan anbefalast !
NUTAFANTEN
"Nutafanten" vart sett i gong av speidarane i Vats i 1995. Det blir lagt ut noteringsbøker på fleire nutar i Vats, og på slutten av året blir det føretatt ein oppteljing på kven som har flest noteringar på den enkelte nuten og kven som har flest noteringar totalt i løpet av året. Det vankar premie til den med flest noteringar.
Under linken nedanfor her finn du årsstatistikkar og resultat frå dei åra me har fått med på nettsida.
Klikk her for statistikk og noteringar
OPPLEGG OG NOTERINSKORT FOR NUTAFANTEN 2012
For kvart år blir det lagt ut bøker på nutane som du kan finna på kartet bak linken nedanfor. Desse bøkene blir skifta ut i september/oktober. I tillegg til ein totalvinnar så vankar det og premie til andre som er flittige å ta turar i fjella våre. For å vera med i trekninga må ein fylla ut eit noteringskort som skal leverast til ein av leiarane i Speidaren.
Sjekk linken nedanfor og skriv ut kart / noteringskort. Og så ønskjer me deg god tur !
Kart og noteringskort for utskrift
FIRE PÅ EIN DAG
"Fire på ein dag" blir arrangert av speidarane og 4H ein søndag rundt månadskiftet august/september kvart år. Dette er ein fjelltur der ein tek føre seg fire toppar langs Blikrabygda, start ved friarane i sør og nordover til Aksla. Turen blir avslutta med sal av rømmegraut ved hytta på Sletthaug, nedunder Aksla. Dette er eit dags-prosjekt, turen startar kl 09:30 og ein er nede igjen i 4-5 tida på ettermiddagen.
Kart og informasjon om nutar og ruter/stiar kan ein finna på heimesida til Vindafjord kommune, eller ein kan også sjå på dette kartet.
God tur !
|