|
Vats Grendautval
Utvalet vart etablert på eit folkemøte i Vindafjordhallen 4. sept. 2008 i forbindelse med informasjonsmøta kommunen hadde i alle bygder om den nye kommuneplanen – arealdelen.
Desse vart valde:
Jon Olav Velde – leiar/skrivar
Ingunn Skosheim Ohm
Åsmund Kalstveit
Gro Karin Velde
Severin Fatland
Desse sakene har Grendautvalet engasjert seg i:
Har delteke på fleire møte om kommuneplanen – arealdelen og kome med innspel.
Grendautvalet har gått gjennom mange av innkomne innspel frå folk i Vats og har kome med kommentarar i tråd med ”folkeviljen” i bygda og sendt dette vidare til kommuneplanleggaren
b. Turstiar i Vats.
Jon Olav Velde i Grendautvalet og Alf Egil Vaula frå Bondelaget er med i ei kommunal turstigruppe som arbeider med å få rydda, merka/skilta og informera om ulike turstiar i skog og mark og fjell i kommunen. Jon Olav er kontaktmann for Skjold turlag som også har gjort mykje forarbeid på dette feltet. Her i Vats er arbeidet i full gong med rydding og merking. Det er gjort avtalar med grunneigerar om dette arbeidet og om å laga høvelege parkeringsplasser ved starten på kvar tur. Her vil det bli sett opp info-tavler med kart og informasjon om turane og om evt. kulturminne. Det har berre vore positiv respons på dette.
Det kjem nærare info. Klikk deg inn på fana ”Fritid/Turisme” på nettsida.
Er med i ”Samarbeidsforum i Vats” i forbindelse med AF-Decom si etablering på Raunes. .
I denne gruppa sit desse:
Vindafjord kommune m/ 7 repr.
AF Miljøbase, Vats m 4 – 6 repr.
Vats Grendautval m/5 repr.
Tysvær fiskarlag m/ 2 repr.
AF Decom orienterer om planar og framdrift og miljøarbeid på basen når dei nå
førebur mottak av oljeinstallasjonar som skal ”hoggast” opp og gjenvinnast.
Her blir det stilt spørsmål og gitt kommentarar på arbeidet som er under arbeid og om planane framover og om forurensingsproblematikken som denne bedrifta må ta hand om på ein forsvarleg måte etter lovar og reglar gitt av fylkesmannen og SFT.
Grendautvalet er engasjert i miljø- og forureiningsspørsmål og er svært glad for at AF Decom har engasjert NIVA med eit omfattande miljøovervakingsprogram i 6 år framover. Miljøvernforbundet har vore ein pådrivar til å få dette til.
Alle er opptekne av at Vatsfjorden og området elles rundt Raunes ikkje må forurensast og øydeleggjast av denne store aktiviteten som føregår der ute.
Grendautvalet har saman med Bondelaget og Grunneigarlaget i Vats engasjert NIVA til å testa/undersøka forurensing av Vatsvassdraget.
Det skjer ein stor algeoppblomstring i Landavatnet og Vatsvatnet kvar sommar når varmen kjem og det fører til misfarging av vatnet og gjer det ubrukeleg for bading
og kan vera giftig å bruka. Det blir tilført altfor mykje næringssalter i vassdraget. Det må utarbeidast ein tiltaksplan for å ”redda” vassdraget.
Grendautvalet har teke initiativ til å få ei eiga nettside/heimeside for Vats.
Ein eigen komite held på med å ferdigstilla denne sida: Bjørn Morten Stokka, Ingunn Skosheim Ohm, Peder Lundegård og Jon Olav Velde arbeider med dette.
Bjørn Morten Stokka har teke på seg å drifta denne sida, noko me i Grendautvalet er svært glade for.
Her kan kven som helst senda e-post til Bjørn Morten Stokka for å koma med opplysningar m.m. ved å klikka seg inn på sida.
Det vil i august/sept.bli tillyst eit folkemøte i Vindafjordhallen der Grendautvalet vil ta for seg høyringsutkastet til kommuneplanen – arealdelen og dessutan informera meir om sakene me arbeider med.
Ta gjerne kontakt med oss i utvalet om saker de vil me bør drøfta.
|