Vatsnett.com © 2009 • •

 

 

 

 

 

 

 

Tekst og bilete:  Bjørn Morten Stokka

                
Årets haustfest var like kjekk som vanleg.  Ei mangfaldig utstilling av dei 64 medlemmene i klubben.  Freidig 4H er den største klubben i nordfylket, det er ikkje dårleg å kunna skilta med så mange aktive medlemmer i alderen 10 - 18 år i ei bygd av denne størrelsen. Det er mange forskjellige oppgåver som blir valde kvart år, alt frå dyrestell, matstell, snekring, form og fantasi, fiske, diverse idrettar, mekking, foto og mykje anna.  Det var også dette året tydeleg at det var lagt ned ein del timar med godt arbeid for å løysa desse oppgåvene.

 

Også dette året var lapskausen og kakene svært gode, og lodda (årene) vart som vanleg seld fort ut.  Foreldre, besteforeldre og andre slekningar/vener set stor pris på å få vera med på denne festen.  Det var fullt hus også dette året med meir enn 220 til duk og dekka bord.

Underhaldning var der i år og, aspirantane framførte ein flott dans, og det vart og framført nydeleg pianospel og song med gitarspel av andre ungdommar.

 

Elisabeth Kallevik Nesheim fortalde og viste film frå sitt besøk i Kamerun i regi av Rogaland bondelag.

 

I år var det heile sju medlemmer som var komne så langt i fartstid og alder at dei skulle motta plaketten.  Dette er i følge representanten for Rogaland 4H uvanleg mange på ein gong i ein klubb.  Freidig 4H har hatt like mange også for nokre år sidan, og det er kjekt at så mange fortset i klubben til dei får motta plakett.

 

Dei som mottok plakett i år var: Norunn Stokland, Linda Mjølhus, Christine Skrunes, Stine Therese Wollertsen,
                                              Maren Skrunes, Malin Bakke og Kristin Hafstad Stokka

 

 


Plakett-mottakarane, alle fint pynta i bunad

 

 

Dei andre medlemmene fekk og sjølvsagt sine merke, skjold og sølvskeier

 

                      

                      10 år aspirantar                                                                      11 år aspirantar

 

                       

                      Første år junior                                                                          Andre år junior

 

                      

                      Tredje år junior                                                                       Første år senior

 

                      

                      Andre år senior                                                                       Tredje år senior

                  

 

                          

 

 

 

 

 

 

Haustfest  30.10.2010