Laila er uslåeleg for tida. Sidan sist utdeling har ho vore 481 gonger til fjells. Sjølv ikkje snøen greidde å setja ein stoppar for den turglade Laila. Julaftan har ho skrive i boka på Friarane:
Endeleg oppe, etter å ha vassa i 1-2 m snø. God Jul..
Og neste dag, 1. juledag: Trudde det skulle vore enklare i dag, men nei då. Alle spor var vekke, men med ein god porsjon stahet går det.
Laila har ein vandrepremie frå før på hylla. Den har ho vunne tre gonger. Premien i år, og i åra som kjem, er ein Vandringsstav der alle Nutafant-vinnarar sidan 1995 har fått namnet sitt. Denne staven får Laila "låna" eit år.