Vatsnett.com © 2009 • •

 

 

 

                                         

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kulturveka 2012 vart arrangert frå søndag 3. til søndag 10. juni.  Komiteen hadde som vanleg lagt ned eit grundig førearbeid og kunne tilby bygdefolket og tilreisande eit variert program.  Veka starta med søndagsskule på Nesheimstunet og vart avslutta med friluftsgudsteneste på Refsnes søndagen etter.

 

Av program elles var det konsert og kunstutstilling (foto og maleri) på Vindafjordhallen, konsert i kyrkja, tur til og omvisning på Sandvik gard på Stokkadalen, Vreeswijk-forestilling på Vindafjordhallen, pubkveld, plantedag for store og små, miniatyrskyting, tjukkakakebakekurs.  Litt av kvart for einkvar smak :)

 

Heiderspris til Olav Velde

den årlege friluftsgudstenesta på Refsnes i Blikrabygda vart
Olav Velde tildelt “Heidersprisen til Kulturveka i Vats 2012”.
Han har vore engasjert i barne- og ungdomsarbeid i Vats sidan
midten på 70-talet. Han starta med 4H-arbeid. Då 1. Vats KFUM
vart stifta ved byrjinga av 80-talet, vart han tidleg med som leiar.
Han har sidan vore ein bauta i speidararbeidet – i Vats, på
Haugalandet og på landsbasis. Olav Velde er idérik, praktisk,
engasjerande og løysingsorientert. Med sitt smittande humør og
stå-på-vilje har han lett for å få folk med seg.

Under kyrkjejubileet i 2005 hadde han ei sentral rolle, både i
hovudkomiteen og i utarbeidinga av jubileumsboka om Vats kyrkje.

Detsynlege teiknet på heidersprisen er eit maleri laga av Sylvi Ann
Nesheim.

Kulturveka i Vats 2012 - Slagord for Vats

I brosjyren  for ”Kulturveka i Vats 2012”  som vart avvikla
3. – 10. juni, vart folk  oppfordra til å senda inn gode forslag til
slagord  for Vats til kulturvekekomiteen. Det kom inn 16 gode
forslag.  Kulturvekekomiteen bestemte seg for eit kort og offensivt
slagord som Eli Alvseike hadde sendt inn.
Slagordet hennar var: "Sats på Vats".  Det er all grunn til å satsa
på Vats.  Som premie fekk Eli ei treskål laga av Ole Johan Indreland
med påmalt "Kulturveka i Vats 2012" av rosemalar Unni Marie Lien.
Ho fekk og ei bok om Haugalandet.
Kulturvekekomiteen gav slike treskåler med påskrift til alle som tok
på seg ansvar ved arrangementa denne veka.  Dette er eit varig
minne. 

 

 

 

Komiteen vil takka alle sponsorane (sjå bak på brosjyren) som gav oss penger til å dekka utgiftene våre. Stor takk til alle som stilte opp ved  arrangementa denne veka.

Komiteen kjem attende med ny kulturveke 2014.

 

Steinar Sørhus og Jon Olav Velde,

Komiteen for kulturveka i Vats.

 

Fleire bilete frå kulturveka:

   
Frå søndagsskulen på Nesheim                    Gamlepresten Trygve Sandvik deltok og

   
Folk kosar seg i sola på Sandvik                  Frå tunet på Sandvik

   
Vreeswijk på Vindafjordhallen                      Gudsteneste på Refsnes

   
Jon Olav delte ut heidersprisen                   og Olav serverte bålkokt kaffi