Nutafanten

Vats-bygda er omgitt av fjell, og folket i bygda tek seg ofte ein tur opp på eitt eller fleire av dei.  Der er godt merka stiar og skilting opp til fleire av dei, og der er lagt ut bøker på fleire av toppane der dei besøkande kan notera seg for ein topptur.


Å komma seg opp på desse toppane gir i tillegg til meir eller mindre ømme musklar og sliten kropp også eit fabelaktig utsyn over omverda.  På fine og klare dagar ser ein Nordsjøen, heile Haugalandet, Stavanger og Ryfylke, Folgefonna og mykje meir.  Det kan anbefalast !


"Nutafanten" vart sett i gong av speidarane i Vats i 1995, så denne turen er etterkvart blitt ein lang tradisjon.



Under linken nedanfor her finn du årsstatistikkar og resultat frå dei åra me har fått med på nettsida.


Nutafanten, generell informasjon



Statistikk og noteringar t.o.m 2020



Noteringskort for utskrift



Kart nutar i Vats





Jon Olav set opp kasse på

Grånuten, 30. desember 2013.












Det er lagt ut noteringsbøker på 12 nutar i Vats, og på slutten av året blir det føretatt ein oppteljing på kven som har flest noteringar på den enkelte nuten og kven som har flest noteringar totalt i løpet av året.  Det vankar premie til den med flest noteringar og til ein av dei som er innom alle nutane i løpet av året.



OPPLEGG OG NOTERINSKORT FOR NUTAFANTEN

For kvart år blir det lagt ut bøker på nutane som du kan finna på kartet (sjå linkane til venstre).  Desse bøkene blir skifta ut i september/oktober.  I tillegg til ein totalvinnar så vankar det og premie til andre som er flittige å ta turar i fjella våre. 


Frå og med 2015 blir det kun ført statistikk over totalt besøk på kvar nut og ikkje over kven som har flest besøk på den enkelte nuten.


Dei som vil vera med og kjempa om vandringsstaven (flest turar totalt i løpet av perioden) må notera turane i ei bok og levera denne til ein av leiarane i Speidaren innan 20. oktober.


For å få premie må ein besøka minst seks nutar og fylla ut noteringskort som skal leverast til ein av leiarane i Speidaren.


God tur !



Kart og informasjon om nutar og ruter/stiar kan ein finna på heimesida til Vindafjord kommune, eller ein kan også sjå på Kart nutar i Vats-linken i menyen til venstre.