Turområde i bygda

TURAR I VATS

Jon Olav Velde har lagt ned eit omfattande arbeid til glede for alle som er glade i turlivet i Vats-bygda.  Han har merka og skilta mange flotte fjellturar (og nokre andre for dei som likar seg i lågare terreng), og han har også skrive om alle desse turane.  Vindafjord kommune har lista opp turane og fleire til på si nettside. 


Informasjon og kart er også slått opp på informasjonstavler ved parkeringsplassane.

Jon Olav er kontaktmann og ansvarleg for opplysningane.  Eventuelle kommentarer, rettingar eller tilføyingar kan rettast til han.


Har de bilete frå dei enkelte turane, og som de ønsker å dela med almuen, så send dei gjerne til Vatsnett saman med ein liten beskrivelse.


Klikk på biletet for oversikt over turar i Vats!