Bu i Vats!

Det er mange grunnar til å bu i Vats. Kanskje er du oppvaksen her sjølv, eller så er partnaren din oppvaksen her, kanskje fann du deg ein jobb i området, eller kanskje treng du komma deg vekk frå bylivet og heller finna deg ein naturnær bustad.

Folketalet i bygda har dei siste 20 åra svinga både opp og ned, men i perioden 2001-2023 auka faktisk folketalet med nøyaktig 20 personar (SSB). Som dei aller fleste bygder har rett nok alderssamansetninga gått i favør av den eldste garden, men det skortar ikkje på engasjement for å sikra at bygda kan vera ein skikkelig god plass å vera ung i, og ikkje minst til å leva familielivet i. 


Bygda har skule, barnehage, daglegvarebutikkar, (snart) bygdahus med svømmehall, kafe- og selskapslokaler, frisør, eit rikt næringsliv, og byr ikkje minst på mange naturopplevingar med fjord, fjell, vatn og skog. 

Under er ei oversikt over bustadar og tomter til sals, samt eventuelle bustader til leige. Gi gjerne ein lyd om det er noko som manglar i oversikta, så får me lagt det inn. 

BUSTADAR OG TOMTER TIL SALS

KNAPPHUSTUNET

6 attraktive leiligheiter i to- og firemannsbustad, begge er nybygg. 2 er allereie selde og 1 er reservert. Sjå annonse på FINN for meir informasjon!




TINGHAUGEN

5 bustadtomter til sals, nær både skule og barnehage, samt framtidig bygdahus og svømmebasseng. 




KÅRHUS

2 ledige tomter i godt etablert bustadfelt. Gangavstand til skule og framtidig bygdahus og svømmebasseng.