Vats i Vekst

Vats i Vekst er ein stiftelse som har som formål å legga til rette for utvikling og vekst i bygda. Arbeidet skal bidra til å skapa handlingsrom for tomteutvikling og etablering/tilflytting.


Dette skal gjerast gjennom å synleggjera moglegheiter i bygda. Vats i Vekst skal også vera ein pådrivar av utvikling av nye område, tomter eller klynger, og ved å jobba fram avtalar, kontaktar og tilbydarar. 


Styret består av Stig Hatteland, Johannes Sjurseike, Sigbjørn Gjellestad, Asbjørn Velde og Monica Nesheim. 

Vats i Vekst kan følgjast på Facebook, og ein kan også kontakta dei via mail: vatsivekst@gmail.com


På denne sida finn du prosjekt Vats i Vekst følgjer opp, og status på dei. 

VINDAFJORDHALLEN


Arbeidet med gjenoppføring av bygdahus og svømmehall er godt i gong. Forsikringssaka er ferdig og kommunen og Vindafjordhallen SA er i godt i gong med prosjektering av bygget. 

Det nye bygget skal stå ferdig innan juli 2025. 

Illustrasjon av nytt bygdahus og svømmeanlegg. Laga av HLM Arkitektur

Formannskapet har bede om at delar av kostnaden ved nytt bygdahus og svømmehall blir dekka av bygda sjølv. Det kan diskuterast om det er ei god løysing, men styret i Vindafjordhallen SA ligg ikkje på latsida, og har allereie fått god hjelp frå næringslivet: 


  • Sparebanken Vest har, med vatsbu Albin Jønsson  spissen, gitt ein gåvesjekk på 4 millionar kronar til ny hall

  • Hatteland Gruppen har, med Stig Hatteland i spissen, gitt ein gåvesjekk på 3 millionar kronar, øyremerka ny vassklie. 

KNAPPHUS 2

Hatteland Gruppen, Kalstveit & Vik og Knapphus Kjøkkensenter og Knapphus Energi har gått saman for å få dette prosjektet realisert, og Vats i Vekst har vore pådrivar for prosjektet. Utbygginga er første del av ei trinnvis utbygging som kan gi opp til så mykje som 30 bustadeiningar. 

Illustrasjon av leiligheitene. 

Knapphusfeltet blir utvida med 6 leiligheiter i 2- og 4-mannsbustadar. To av dei er allereie seld, og ein er reservert. 

Sjå FINN-annonse for teikningar og illustrasjonar.

STRANDPROMENADEN

Vidare kan ein herfra gå opp til brua ved Gamle meieriet langs Åmselva, der er arbeidet med å utarbeida ein kultursti i full sving, sjå omtale lenger nede på sida. 


"Strandpromenaden" i Åmsosen på Øyrå, har no fått murar og tidevasstrapper. Vidare vil det no jobbast med å skape eit trivelig miljø langs vasskanten her, med grillplass, leikemoglegheiter og ein trivelig tursti som kan koplast til Hattelandparken.


KULTURSTI LANGS ÅMSELVA

Vats Sogelag har i samarbeid med andre aktørar eit mål om å etablera kultursti langs Åmselva, frå Gamle meieriet og nordover. 

Arbeidet har starta med nedfelling av tre. 

Vats Sogelag har motteke 250.000,- frå Rogaland fylkeskommune for opparbeiding av kulturstien. Det er estimert at prosjektet vil kosta om lag 600.000,- til saman. 


Målet er at kulturstien skal vera tilgjengeleg for rullestolbrukarar. Langs stien skal det settast opp informasjonstavler som fortel om historien til området. 


Kulturstien kan etter kvart bli kopla opp mot Hattelandparken og bautasteinen på tomta til Ottar Ohm. 

NÆRINGSOMRÅDET PÅ KNAPPHUS

Næringsområdet på Knapphus (lilla felt i illustrasjonen til venstre) er i full sving, og det er ledig areal til nye verksemder som vil etablera seg her.

Sjå meir informasjon på kommunen si nettside!

NY BARNEHAGE I ÅMSOSEN

Nausthaugen barnehage vil då til saman ha om lag 60 barn. Barnehagen skal utvidast og eksisterande areal skal oppgraderast. 


Barnehagen ligg tett opp mot sjøen i Åmsosen, og vil ligga rett attmed den nye leikeplassen og strandpromenaden som er under utbygging. 

I dag er det to barnehagar i Vats - Vats barnehage i Øvre Vats (kommunal) og Nausthaugen barnehage i Nedre Vats (privat).


Kommunestyret har vedtatt at Vats barnehage skal leggast ned, og at alle barna skal gå i Nausthaugen barnehage frå hausten 2024.